Publisert: 20.05.2022
Landsstyret i KS vil med denne uttalen syne si støtte til Ukraina og det ukrainske folk, og peike på korleis norske styresmakter på best mogeleg måte kan legge til rette for kommunesektoren sin innsats for flyktningane.
Norske kommunar står klare til å ta imot ukrainske flyktningar, og ynskjer å bidra til at dei skal finne
seg så raskt som mogeleg til rette i ein ny kvardag. Staten og kommunesektoren er samde om dette
målet, og god samhandling er avgjerande for å lukkast. Det er forståing for at det tar noko tid å tilpasse
system og regelverk til ein ekstraordinær situasjon i vårt eige nærområde, og regjeringa har allereie
tatt fleire grep. Landsstyret i KS vil likevel peike på nokre område kor regjeringa bør gjere meir for å
styrke og trygge kommunesektoren i det viktige arbeide dei no er i gong med.
Landsstyret i KS meiner at regjeringa må gjere regelverket meir fleksibelt, for å sikre raskare
busetting. Til dømes venter mange kommunar på svar frå IMDi om busetting av personar som allereie
oppheld seg i kommunen. Desse kan busettast raskt, men kommunane står i fare for å miste
tilgjengelege bustader mens dei venter på svar frå IMDi.
Landsstyret i KS meiner staten må varsle kommunane i god tid før det blir etablert asylmottak i
kommunen. Fleire kommunar har opplevd å ikkje få beskjed om etablering av mottak i kommunen.
Utan rimeleg varsel er det vanskeleg for vertskommunane å levere lovpålagte tenester i tide.
Landsstyret i KS meiner regjeringa må garantere at kommunesektoren får dekka sine utgifter.
Regjeringa har så lang sagt at kostnadane knytt til mottak og busetting av flyktningar skal dekkast
gjennom ordinære tilskot. Landsstyret i KS meiner at regjeringa må garantere at dei faktiske utgiftene
skal dekkast, og dette må gjelde kostnadar knytt til oppbygging av tenester til ordinært busette, til
busette i mottak og til flyktningar som bur privat. Til dømes har mange kommunar hatt store utgifter
til livsopphald til privatbuande, mens dei ventar på registrering eller anna busetting. Landsstyret i KS
vil også peike på forslaget til kompensasjon for plassar som ikkje blir nytta, og understreke at også
denne må dekke dei faktiske utgiftene kommunane har hatt, mellom anna med omsyn til dei såkalla
pukkelkostnadane knytt til å bygge opp heilt nye tilbod.
Landsstyret i KS meiner staten raskt må informere kommunane om endringar i forventa innkomstar. Det er krevjande for kommunane å planlegge og bygge opp/ned tenestetilbodet i ein usikker situasjon. Rask informasjon om endringar i talet på flyktningar staten forventar vil komme kan avhjelpe dette noko.
Landsstyret i KS meiner at regjeringa må legge til rette for at norske kommunar som ynskjer det kan etablere samarbeid med ukrainske kommunar. Kommunesektoren gjer ein stor og viktig innsats med mottak, busetting og tenester til flyktningar frå Ukraina. Samstundes kan norske kommunar gi eit
bidrag til ukrainske kommunar gjennom kommunesamarbeid. Landsstyret i KS oppfordrar norske
kommunar til å fortsette eksisterande samarbeid, eller vurdere om ein ynskjer å opprette eit nytt
samarbeid gjennom prosjektsamarbeidet KS har med sin søsterorganisasjon Association of Ukrainian
Cities (AUC). Målet med eit slikt samarbeid kan være å gi et langsiktig bidrag til gjenoppbygging og
utvikling, mellom anna gjennom styrking av lokaldemokrati. Landsstyret i KS meiner regjeringa må
støtte slike samarbeid økonomisk.