Publisert: 19.08.2022
Støtteordning for miljøkompetanse i kommunane, naturavgift og betre kunnskapsverktøy til planlegging er nokre av forslaga i rapporten «Bærekraftig arealbruk innenfor rammen av kommunalt selvstyre».
Sjå opptak frå lanseringa her Rapport: Bærekraftig arealbruk innen rammene av lokalt selvstyreRapporten er eit samarbeid mellom Norsk institutt for naturforskning (NINA), konsulentfirmaet Holth og Winge og by- og regionforskningsinstituttet NIBR.
Han spesifiserer kva utfordringane for berekraftig arealbruk er. I tillegg lanserer forskarane 15 konkrete forslag innanfor ramma av lokalt sjølvstyre for å møte dei aukande utfordringane for natur og klima.
- KS ser dei store utfordringane som vi står overfor i arealpolitikken i møte med både endra klima og tap av artar og økosystem. Den miljømessige dimensjonen er grunnleggande for berekraft. Samtidig har kommunane store utfordringar knytt til å ivareta både økonomisk og sosial berekraft. Areal er ein ressurs i så måte. Vi vil bruke utgreiinga og forslaga som ein inngang til å diskutere korleis lokaldemokratiet best sikrar ein samla berekraftig arealbruk, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
Stort ansvar
Rapporten peiker på at vitskapen er tydeleg på at arealbruk er ein nøkkelfaktor både i arbeidet med å bremse klimaendringane, for tilpassing til eit endra klima, og som viktigaste enkeltfaktoren i arbeidet med å stanse tap av natur. Som ansvarleg myndigheit for arealplanlegging etter plan- og bygningslova, har norske kommunar fullmakter til å bestemme korleis areala skal brukast, innanfor dei rammene som statlege styresmakter set.
Lokaldemokratiet har difor både føresetnader og ansvar for å handtere miljøproblema som vi no står overfor.
Norsk arealbruksutvikling
I 2007 og 2012 la Riksrevisjonen fram undersøkingar som viste at arealutviklinga i Noreg skjer i strid med dei mål og prinsipp som Stortinget har vektlagt for å sikre en berekraftig utvikling. Forskarane bak evalueringa av norsk arealplanlegging etter plan- og bygningslova («EVAPLAN»), konkluderte i 2018 med at naturmangfaldsomsyn og klimaomsyn tapar ofte for det som blir definert som utviklingsomsyn i lokale planvedtak. Blant anna peiker EVAPLAN på at dei samla effektane av arealutviklinga for naturmangfald, klimautslepp, nærnatur, jordvern og utmark, ikkje blir fanga opp godt nok med dagens verktøy. EVAPLAN trekker også fram mangel på at nok kapasitet og kompetanse i kommunane er til hinder for å realisere intensjonane i lovverket.
Samtidig er klimapanelet og naturpanelet i FN stadig klarare på at arealbruk er en nøkkelfaktor både i arbeidet med å bremse klimaendringane og å tilpasse oss til eit endra klima. Natur binder karbon frå atmosfæren og gjer areal robust i møte med klima i endring.
KS' vidare bruk av rapporten
Rapporten skal presenterast og diskuterast i eit eige KS-arrangement på Arendalsveka. KS vil nytte notatet frå forskarane som eit utgangspunkt for ein diskusjon om korleis kommunesektoren best bør rustast til å ta ansvaret for berekraftig arealutvikling i Noreg. Temaet blir mellom anna teke opp i KS sitt årlege debatthefte, som skal diskuterast på strategikonferansane til KS.
Forslag til nye og forsterka tiltak og verkemiddel
I notatet foreslår forskarane femten nye eller forsterka verkemiddel, som dei legg til grunn kan vere med på å gje ein meir berekraftig arealbruk innanfor rammene av lokalt sjølvstyre.